§ 1-9. Fritak frå skriveopplæring i eitt av dei norske skriftspråka
Elevar er fritatt frå skriveopplæring i det skriftspråket dei har som sidemål, dersom dei i tillegg til å få opplæring etter skolens ordinære læreplan i norsk oppfyller minst eitt av desse vilkåra:
Dei får opplæring i samisk som første- eller andrespråk.
Dei får opplæring i kvensk eller finsk som andrespråk.
Dei skal likevel få skriveopplæring i sidemålet sitt dersom dei ønskjer det.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.