§ 6-50. Føring av fråvær i vidaregåande opplæring

Det skal førast fråvær i dagar og enkelttimar på vitnemålet og kompetansebeviset i vidaregåande opplæring. Enkelttimar kan ikkje gjerast om til dagar.

Skolen kan avgjere om fråværet til elevar som følgjer opplæringa i mindre enn eit fullstendig utdanningsprogram, skal førast i dagar og timar eller berre i timar.

Ein elev kan krevje at årsaka til fråværet blir ført på eit vedlegg til vitnemålet eller kompetansebeviset.

Ein elev kan krevje at opp til ti fråværsdagar i løpet av eit skoleår ikkje blir førte på vitnemålet eller kompetansebeviset, dersom det blir lagt fram slik dokumentasjon som er nemnd i § 6-8 andre og tredje ledd.

Fråvær på grunn av sjukdom eller andre helseforhold må ha vart i meir enn tre dagar for ikkje å bli ført på vitnemålet eller kompetansebeviset, og det er berre fråværet frå og med den fjerde dagen som kan strykast. Dersom ein elev har ein dokumentert høgare risiko for helserelatert fråvær, kan fråværet likevel strykast frå og med den første fråværsdagen.

Endra ved forskrift 18 feb 2025 nr. 234 (i kraft 1 aug 2025).

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2024-06-03-901
Hentet
2026-08-06T06:40:16.925664+00:00
Kilderevisjon
3a41e77804b2
Innholdshash (XML)
91a2b4441229f7fe678df12ac1ec761b4ad0b66aa9d1faef0f9b4d380ee6783d
Rendererversjon
8
I kraft
2024-08-01
Siste endring i kraft
2026-08-01