§ 7-5. Klage på vedtak om ikkje å fastsetje standpunktkarakter i fag

Elevar kan klage på vedtak om ikkje å fastsetje standpunktkarakter i fag. Statsforvaltaren er klageinstans.

Dersom skolen ikkje gjer nytt vedtak, skal skolen saman med klaga sende ei grunngiving for at det ikkje er sett standpunktkarakter, ei fråsegn frå dagleg leiar om saksbehandlinga ved skolen og ein kopi av varselet om at karakteren kan falle bort, jf. § 6-7 til klageinstansen. Grunngivinga for at det ikkje er sett karakter, skal vere gitt av dagleg leiar i samråd med faglæraren.

Statsforvaltaren kan avvise klaga, stadfeste vedtaket om ikkje å setje standpunktkarakter eller oppheve vedtaket.

Dersom statsforvaltaren opphevar vedtaket, skal dagleg leiar sørgje for at det blir gjort ei ny vurdering og fastsett ein karakter eller eit anna vurderingsuttrykk. Statsforvaltaren skal ha kopi av det nye vedtaket.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2024-06-03-901
Hentet
2026-08-06T06:40:16.925664+00:00
Kilderevisjon
3a41e77804b2
Innholdshash (XML)
91a2b4441229f7fe678df12ac1ec761b4ad0b66aa9d1faef0f9b4d380ee6783d
Rendererversjon
8
I kraft
2024-08-01
Siste endring i kraft
2026-08-01