Dei som har vore oppe til skriftleg eksamen, kan klage på karakteren. Ei klagenemnd som er oppnemnd av statsforvaltaren, er klageinstans for klager på fastsetjing av karakter ved skriftleg eksamen.
Når det er ein elev som klagar, skal skolen skal sende statsforvaltaren klaga og eksamenssvaret til eleven.
Klagenemnda skal ha tilgang til eksamenssvaret og skal få greie på den opphavlege karakteren, men ho skal ikkje kjenne til innhaldet i klaga. Medlemmene av klagenemnda må ikkje ha vore med i førstegongsbedømminga av eksamenssvaret til klagaren.
Klagenemnda kan avvise klaga, stadfeste karakteren eller justere karakteren opp eller ned. Klagenemnda treng ikkje grunngi avgjerda si.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.