eigen sjukdom som gjer gjennomføringa av undervising eller eksamen umogleg eller urimeleg å krevje,
sjukdom hjå barn som studenten har omsorg for, innanfor dei avgrensingane som følger av arbeidsmiljøloven § 12-9,
dødsfall i nær familie eller hjå andre studenten har eit nært forhold til, for ein periode på inntil to veker frå dødsfallet,
gravferd ol. til personar i nær familie eller som studenten har eit nært forhold til,
lovpålagt oppmøte annan stad og
andre forhold som gjer det heilt urimeleg å krevje at studenten gjennomfører.
(2) Grunnlag for gyldig fråvær må dokumenterast på eigna måte. Sjukdom ol. skal dokumenterast med erklæring frå lege, eller anna helsepersonell som nemnd i Forskrift om unntak frå legeerklæringsvilkåret. Dokumentasjonen skal gjere greie for sjukdomen, kva dagar som er vurderte, og stadfeste at gjennomføringa av undervising eller eksamen var umogleg eller urimeleg å vente.
(3) Dokumentasjon for gyldig fråvær skal leverast så snart som råd, og seinast to veker etter at den obligatoriske undervisingsaktiviteten eller eksamenen vart avslutta.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.