(1) Studentar har tre eksamensforsøk i kvart emne. Avgrensinga gjeld sjølv om emnet har skifta namn eller emnekode, og sjølv om studenten har fått nytt opptak.
(2) Bachelorprosjekt/-oppgåve og masterprosjekt/-oppgåve utan bestått resultat kan leverast på nytt éin gong. Bachelor- og masterprosjekt med bestått resultat kan ikkje leverast på nytt.
(3) Fakultetet kan i emneskildringa eller i utfyllande regelverk vedta at det ikkje er høve til meir enn to eksamensforsøk og/eller gjennomføringar i emne som
inneber praksis,
inneber feltarbeid,
inneber tokt eller
er utøvande eller skapande.
(4) Fakultetet:
kan i utfyllande reglar vedta unntak frå hovudregelen om tre forsøk for studentar som allereie har bestått resultat i emnet,
kan gjere unntak frå første til tredje avsnitt i einskildtilfelle etter søknad frå studenten,
skal fastsetje innleveringsfrist for ny levering av bachelorprosjekt/-oppgåve og masterprosjekt/-oppgåve utan bestått resultat etter andre avsnitt. Fristen kan ikkje vere kortare enn tre månader frå sensuren er kunngjort og ikkje lengre enn eitt år frå den opphavlege fristen og
skal etter søknad tillate ny levering av bachelor- og masterprosjekt etter utestenging som følge av fusk, med mindre fusket er av ein karakter som gjer det umogleg. Fakultetet skal sjå til at fusket er retta opp. Studenten kan ikkje levere før etter utestengingsperioden er over, jf. universitets- og høgskulelova § 12-4 (3) og (4).
Endra ved forskrift 13 juni 2024 nr. 1447.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.