Dersom det synest klårt at den mottakande stat ved ei eventuell overføring vil utmåle ei straff som ligg vesentleg under den straff som er idømd i Noreg, bør overføring som hovudregel ikkje finna stad. Det same gjeld om mottakarlandet sine reglar for lauslating på vilkår fører med seg at domfelte vil verte lauslaten mykje tidlegare enn vedkomande ville ha vorte ved fullbyrding i Noreg.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.