§ 10-1. Kva skytevåpen som omfattast av kravet til løyve for inn- og utførsel av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon

Med skytevåpen, våpendelar og ammunisjon i dette kapitelet meinast skytevåpen, våpendelar og ammunisjon som er underlagt løyve- eller meldeplikt etter våpenlova § 5, § 6 og § 7. Føresegnene i dette kapitelet gjeld også for følgjande skytevåpen, våpendelar og ammunisjon, som er fritekne frå løyveplikt etter § 2-3:

  1. apparat til slakting som ikkje brukar fritt prosjektil,
  2. rednings- og harpungevær, som ikkje kan skyte patron med prosjektil,
  3. skytevåpen som er konstruert for berre å kunne skyte ammunisjon utan prosjektil, og som oppfyller tekniske krav fastsett av Politidirektoratet,
  4. svartkrutvåpen produsert før 1890, og
  5. låskasser, piper eller ammunisjon til skytevåpen som nemnt i nummer 1 til 4.

Føresegnene om inn og utførsel av ammunisjon etter dette kapitlet gjeld ikkje for inn- eller utførsel av ammunisjon som går inn under lov 14. juni 1974 nr. 39 om eksplosive varer (gjeld berre for Svalbard).

Eksportkontrollova gjeld for varig utførsel av våpendelar som ikkje er underlagt løyve- eller meldeplikt etter våpenlova § 5, § 6 og 7.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2021-05-07-1452
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
e4537669614214aa5cf9ad694400a8711cca4eb0cc98579b088f65a722da368a
Rendererversjon
8
I kraft
2021-06-01
Siste endring i kraft
2026-07-02