§ 10-10. Løyve til utførsel for privatpersonar

Privatpersonar som vil utføre skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon, må ha løyve. Politiet kan gje løyve til varig utførsel når det ligg føre ein stadfesting frå Utanriksdepartementet om at utførselen oppfyller vilkåra etter eksportkontrollova.

Eit løyve til utførsel gjeld for eitt vareparti, med unnatak for løyve etter § 10-2. Løyvet gjeld for eit tidsrom på tre månader. Politiet kan etter søknad forlenge løyvet med inntil tre månader.

Søknad om løyve til ikkje-ervervsmessig utførsel skal sendast på fastsett skjema til det politidistrikt der vedkomande er folkeregistrert.

Eksportkontrollova gjeld for utførsel av andre våpendelar enn dei som krev løyve etter dette kapitelet.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2021-05-07-1452
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
e4537669614214aa5cf9ad694400a8711cca4eb0cc98579b088f65a722da368a
Rendererversjon
8
I kraft
2021-06-01
Siste endring i kraft
2026-07-02