§ 10-7. Løyve for ikkje-ervervsmessig innførsel

Personar som vil innføre skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon til eige bruk må ha løyve. Eit løyve til ikkje-ervervsmessig innførsel kan berre gjevast for det einskilde vareparti.

Personar som vil innføre skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon må sende søknad på fastsett skjema til det politidistrikt der vedkomande er folkeregistrert. Til søknaden skal det leggast ved dokumentasjon for at søkar har løyve til å erverve dei gjenstandar som skal innførast.

Eit løyve til innførsel av skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon skal førast på fastsett skjema.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2021-05-07-1452
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
e4537669614214aa5cf9ad694400a8711cca4eb0cc98579b088f65a722da368a
Rendererversjon
8
I kraft
2021-06-01
Siste endring i kraft
2026-07-02