Politiet må sende førehandsvarsel før dei kan føre kontroll med oppbevaring av skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon i privat bustad. Førehandsvarselet må vere motteke av vedkomande løyvehavar minst 48 timar før kontrollen kan finne stad.
Politiet sin kontroll av oppbevaring i privat bustad skal berre skje på det eller dei stadar som løyvehavar syner fram som oppbevaringsstad for skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon. Manglar det skytevåpen eller våpendelar på oppbevaringsstaden i høve til det som er registrert hos løyvehavar, skal vedkomande opplyse om kvar gjenstandane er, og gjevast ein kort frist til å syne fram dei aktuelle skytevåpen eller våpendelar for kontroll.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.