§ 13-2. Opplysningar som kan registrerast

Det kan registrerast opplysingar som er naudsynte for å gjennomføre kontroll med at reglane i våpenlova og denne forskrifta vert følgde, samt å trygge ei forsvarleg våpenforvalting, medrekna opplysingar om:

  1. våpen, skytevåpen, våpendelar og ammunisjon,
  2. kven som søker om løyve eller godkjenning og om grunnlaget for løyvet eller godkjenninga,
  3. kven som får utferda løyve eller godkjenning og eventuelle vilkår eller føresetnader for desse,
  4. søkar oppfyller vilkåra for løyvet, medrekna krava til personlege eigenskapar etter våpenlova § 16, og om grunnlaget for eventuelt nekt av løyve,
  5. det er gjort unnatak frå kravet til butid etter § 7-7 tredje ledd,
  6. grunnlaget for tilbakekall av løyve,
  7. skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon som er mellombels overlatne til politiet etter våpenlova § 31 og § 32, og
  8. personar som enten skal erverve eller avhende våpen med vidare ved inn- eller utførsel, etter våpenlova § 21 og § 22.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2021-05-07-1452
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
e4537669614214aa5cf9ad694400a8711cca4eb0cc98579b088f65a722da368a
Rendererversjon
8
I kraft
2021-06-01
Siste endring i kraft
2026-07-02