§ 6-10. Krav til utferding av lister over lån for juridiske personar

Bedrifter, godkjente skyttarorganisasjonar eller andre juridiske personar som låner ut løyvepliktige skytevåpen eller våpendelar til medlemer eller tilsette i organisasjonen skal føre ei liste over utlån med følgjande innhald:

  1. långjevar og låntakar sine namn og adresser,
  2. namn på den våpenansvarlege i organisasjonen,
  3. namn på utferdande mynde for långjevar og låntakar sitt våpenløyve,
  4. våpentype, kaliber, fabrikkmerke og nummer på dei skytevåpen eller
  5. våpendelar som lånast ut,
  6. kva skytevåpena eller våpendelane skal brukast til,
  7. tidsrommet skytevåpena eller våpendelane er låna ut, og
  8. dato for når skytevåpena eller våpendelane er innlevert.

Bedrifter som leverer ut løyvepliktige skytevåpen eller våpendelar til sine tilsette, skal i tillegg føre ei liste over dei tilsette som er godkjent for å kunne få utlevert skytevåpen eller våpendelar.

Listene for utlån skal oppbevarast i minst tre år etter at skytevåpena eller våpendelane er innlevert.

Første ledd gjelder ikkje for kortvarig utlån av skytevåpen eller våpendelar under forsvarleg tilsyn.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2021-05-07-1452
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
e4537669614214aa5cf9ad694400a8711cca4eb0cc98579b088f65a722da368a
Rendererversjon
8
I kraft
2021-06-01
Siste endring i kraft
2026-07-02