Politiet kan gje mindreårige over 16 år fritak frå alderskravet for anna erverv enn kjøp og for innehav av haglevåpen, kombinasjonsvåpen eller rifler, samt våpendelar til desse skytevåpena. Politiet kan gje fritak etter første punktum til jaktbruk, sportsskyting eller minneverde etter kapittel 4 og 5. Eit fritak til sportsskyting føreset at den mindreårige i minst seks månader har vore aktiv medlem i godkjent skyttarorganisasjon. Mindreårige under 18 år kan ikkje gjevast løyve til å kjøpe skytevåpen.
Politiet kan berre gje fritak etter første ledd når skytevåpena og løyvepliktige våpendelar kan oppbevarast av ein person som oppfyller krava til alder etter våpenlova § 15 og krava til personlege eigenskapar etter kapittel 7 i denne forskrifta og våpenlova § 16.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.