§ 8-7. Godkjenning av skyteprogram for godkjente skyttarorganisasjonar

Skyteprogram eller endringar i gjeldande skyteprogram for skyttarorganisasjonar skal vere godkjent av politiet. Ein godkjenning skal omfatte aktuelle våpentypar, medrekna utforming, tillaten magasinkapasitet, kaliber og andre tekniske krav til dei våpentypar som skal brukast i skyteprogrammet.

Politiet kan godkjenne skyteprogram for halvautomatiske rifler som er godkjent til jakt etter § 4-1, samt for andre våpentypar med dei avgrensingar som følgjer av kapittel 3 i denne forskrifta og våpenlova § 5. Politiet kan berre godkjenne skyteprogram som inneber bruk av våpenmagasin som krev særskilt løyve etter § 2-5 dersom programmet forvaltast av ein internasjonal skyttarorganisasjon.

Endra ved forskrift 27 mai 2026 nr. 911.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2021-05-07-1452
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
e4537669614214aa5cf9ad694400a8711cca4eb0cc98579b088f65a722da368a
Rendererversjon
8
I kraft
2021-06-01
Siste endring i kraft
2026-07-02