§ 9-1. Krav til løyve for å drive handel, mekling eller utleige av skytevåpen med vidare

Den som vil drive handel, mekling eller utleige av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon som er underlagt løyve- eller meldeplikt må ha løyve etter dette kapitelet. Eit løyve kan avgrensast til å gjelde for nærare bestemte skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon.

Eit løyve kan berre gjevast for skytevåpen, våpendelar og ammunisjon som er tillatne til jakt eller sportsskyting etter § 4-1, § 4-4, eller § 4-5 i denne forskrifta, samt våpenlova § 11 og § 12, med mindre det gjevast særskilt løyve etter våpenlova § 10.

Kravet til løyve gjeld ikkje for godkjente skyttarforeiningar, som enten sel eller utleverer ammunisjon til sine medlemar, eller som sel eller utleverer ammunisjon til bruk under skyteprøva til storviltjakt.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2021-05-07-1452
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
e4537669614214aa5cf9ad694400a8711cca4eb0cc98579b088f65a722da368a
Rendererversjon
8
I kraft
2021-06-01
Siste endring i kraft
2026-07-02