§ 4-3. Tilskot til skolar som driv særskilt tilrettelagd opplæring for elevar med dokumenterte behov

Skolane får tilskot etter ein av følgjande satsar:

  1. Sats for nokså ressurskrevjande elevar: Satsen blir brukt som grunnlag for tilskot til skolar som har elevar med nedsett funksjonsevne og lærevanskar. Den nedsette funksjonsevna og lærevanskane skal vere langvarige eller permanente.
  2. Sats for særleg ressurskrevjande elevar: Satsen blir brukt som grunnlag for tilskot til skolar som har elevar med sterkt nedsett funksjonsevne og omfattande lærevanskar. Den nedsette funksjonsevna og lærevanskane skal vere langvarige eller permanente. Elevane som blir omfatta av denne satsen må ha eit stort behov for oppfølging for å kunne meistre opplæringssituasjonen.

Kva for ein sats skolen skal ha tilskot etter, kjem fram i vedtaket om godkjenning etter privatskolelova.

Endra ved forskrifter 15 juni 2022 nr. 1024, 17 juni 2024 nr. 1048 (i kraft 1 aug 2024), 11 nov 2025 nr. 2261.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2018-09-01-1295
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
52646f09125c019feaaf2185883f309133459c08801dd493d710a3aa836aa8dc
Rendererversjon
8
I kraft
2018-09-01
Siste endring i kraft
2026-05-18