§ 2. Definisjonar

I lova her gjeld følgjande definisjonar:

  1. arkiv: dokumentasjon som skal takast vare på i eit avgrensa tidsrom eller for ettertida
  2. avlevere: overføre arkiv til langtidsbevaring i ein bevaringsinstitusjon, med den følgja at råderetten går over til bevaringsinstitusjonen
  3. bevaringsinstitusjon: institusjon eller organisatorisk eining som tek imot og har ansvar for å langtidsbevare arkiva og gjere dei tilgjengelege for bruk
  4. deponere: overføre arkiv mellombels til ein bevaringsinstitusjon, der organ held fram med å ha råderetten over arkiva sine og arkiveigarar held fram med å ha eigedomsretten til privatarkiva sine
  5. dokumentasjon: dokument som nemnt i offentleglova § 4 første ledd og annan informasjon som organet sjølv har lagra i informasjonssystema sine, og som gjeld sakshandsaminga, oppgåveløysinga eller andre vesentlege tilhøve ved verksemda
  6. informasjonssystem: eit system for å organisere og handtere informasjon
  7. kassere: å gjere til inkjes dokumentasjon slik at han ikkje lenger finst
  8. organ: verksemder som lova gjeld for, utanom rettssubjekt som berre er omfatta av kapittel 3
  9. privatarkiv: arkiv som er skapt av andre enn eit organ.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
lov/2025-06-20-96
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
cd3e0b32d9a58cd347aa6b3c24ff8c561a2b6efb2257fe89b5834a1c85452691
Rendererversjon
8
I kraft
2026-01-01