§ 20. Særskilt bevaringsverdig privatarkiv

Nasjonalarkivet kan fastsetje at eit privatarkiv er særskilt bevaringsverdig.

Arkiveigaren eller bevaringsinstitusjonen som forvaltar det særskilt bevaringsverdige privatarkivet, skal melde frå til Nasjonalarkivet dersom:

  1. arkivet skiftar eigar eller blir overført til andre
  2. det er planar om å føre arkivet eller delar av det ut av landet
  3. arkivet står i fare for å gå tapt.

Særskilt bevaringsverdige privatarkiv skal ikkje delast opp, førast ut av landet, skadast eller kasserast utan at Nasjonalarkivet har samtykt til det. Som vilkår for samtykke kan Nasjonalarkivet krevje å få kopiere arkivet, medrekna metadata og annan kontekstinformasjon, vederlagsfritt. Det same gjeld dersom nokon som har deponert eit særskilt bevaringsverdig privatarkiv, krev å få det attende. Dersom det er fastsett avgrensingar i samsvar med § 19 første ledd, gjeld dette òg for kopien.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
lov/2025-06-20-96
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
cd3e0b32d9a58cd347aa6b3c24ff8c561a2b6efb2257fe89b5834a1c85452691
Rendererversjon
8
I kraft
2026-01-01