§ 8. Dokumentasjonsplan og internkontroll

Eit organ skal ha ein oppdatert dokumentasjonsplan som viser korleis organet har organisert arbeidet med å etterleve pliktene etter lova her.

Planen skal

  1. vere utforma slik at han kan tene som ein reiskap i internkontrollen
  2. gi oversyn over kva slags dokumentasjon som blir til som ledd i verksemda
  3. gi oversyn over kva dokumentasjon organet forvaltar som arkiv
  4. gjere greie for korleis dokumentasjon etter bokstav b og c blir lagra.

Departementet kan gi forskrift om innhaldet i dokumentasjonsplanen, internkontroll med dokumentasjons- og arkivforvaltninga og offentleggjering av informasjon frå dokumentasjonsplanen.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
lov/2025-06-20-96
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
cd3e0b32d9a58cd347aa6b3c24ff8c561a2b6efb2257fe89b5834a1c85452691
Rendererversjon
8
I kraft
2026-01-01