Har overlevering skjedd til ein annan nordisk stat på grunnlag av ein nordisk arrestordre og den staten som har fått personen overlevert, ber om samtykke til å strafforfølgje eller straffullbyrde for andre forhold gjorde forut for dei som var omfatta av arrestordren, skal samtykke givast om det ikkje ligg føre forhold som nemnde i § 18, jf. § 8. Samtykke kan likevel nektast dersom det ligg føre forhold som nemnde i § 19 første ledd bokstav b.
Oppmoding om samtykke skal oppfylle krava i §§ 5 og 26 og sendast over som oppgitt i § 25. § 21 gjeld tilsvarande så langt han høver. Spørsmålet om samtykke skal likevel behandlast skriftleg, om ikkje retten treff avgjerd om munnleg behandling. I tilfelle som nemnde i § 21 andre ledd skal oppmodinga sendast den tingretten som avgjorde spørsmålet om overlevering. Det skal oppnemnast forsvarar for den overleverte.
Endra med lover 24 mai 2013 nr. 18, 9 mai 2014 nr. 16 (ikr. 9 mai 2014 iflg. res. 9 mai 2014 nr. 625).
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.