§ 42. Iverksetjing m.m.

Loven trer i kraft frå det tidspunktet[^1] Kongen fastset. Kongen kan bestemme at loven skal tre i kraft mellom enkelte av dei nordiske statane, eller for berre nordiske eller nordisk-europeiske arrestordrar. Frå det tidspunkt loven trer i kraft for nordiske arrestordrar, vert lov 3. mars 1961 nr. 1 om utlevering av lovbrytarar til Danmark, Finland, Island og Sverige og lov 19. september 2008 nr. 77 om nordisk arrestordre oppheva.

Loven gjeld for arrestordrar mottekne etter at loven har tredd i kraft. Utleveringskrav mottekne før loven har tredd i kraft, vert behandla etter lov 3. mars 1961 nr. 1 om utlevering av lovbrytarar til Danmark, Finland, Island og Sverige eller etter lov 13. juni 1975 nr. 39 om utlevering av lovbrytarar m.v.

1 § 1 til § 42 tek til å gjelde 16 okt 2012 for nordiske arrestordrar. § 43 med unntak av endringa i lov 13 juni 1975 nr. 39 § 1 tek til å gjelde 16 okt 2012 iflg. res. 21 sep 2012 nr. 895. § 1 til § 42 tek til å gjelde 1 nov 2019 for så vidt gjeld nordisk-europeiske arrestordrar. § 43 om endring i lov 13 juni 1975 nr. 39 § 1 tek til å gjelde 1 nov 2019 iflg. res. 18 okt 2019 nr. 1387.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
lov/2012-01-20-4
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
84ae3006e659b6ed2fca97949b7448da88d981611f403041fdeaba0e59312587
Rendererversjon
8
I kraft
2012-10-16
Siste endring i kraft
2020-01-01