§ 3-4. Allment om tilhøyrsle

(1) Så langt ikkje anna følgjer av avtale, skal eigedomen for ikkje å ha ein mangel, ha slike ting og rettar som tilhøyrsle som er nemnt i andre ledd og §§ 3-5 og 3-6. Når det er tvil om noko er tilhøyrsle, skal det leggjast vekt på om det gjeld noko som er uhøveleg å flytte, som er nødvendig til bruk på eigedomen, eller som best kan nyttast der.

(2) Som tilhøyrsle vert mellom anna rekna:

  1. Ting som er på eigedomen og som etter lov, forskrift eller anna offentleg vedtak skal vere der.
  2. Ting som er kosta med offentlege tilskot særskilt til bruk på eigedomen.
  3. Faste tilstellingar som er kosta med midlar som det offentlege har bunde til bruk på eigedomen.
  4. Sameigepart, bruksrett, part i sams driftsting og driftstiltak, og medlemskap i samvirkeføretak, når dette ligg til eigedomen.
  5. Ikkje-forfalne festeavgifter og andre ikkje-forfalne krav knytt til eigedomen.

Endra med lover 29 juni 2007 nr. 81 (ikr. 1 jan 2008 iflg. res. 23 nov 2007 nr. 1287), 7 juni 2019 nr. 20 (ikr. 1 jan 2022 iflg. res. 11 juni 2021 nr. 1864).

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
lov/1992-07-03-93
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
c2519b38ec7370c0f3069164c8ccd72b4c93e31b35fc79dc3e24a714e07c1329
Rendererversjon
8
I kraft
1993-01-01
Siste endring i kraft
2022-01-01