§ 35. Foreldreansvaret når foreldra ikkje er gifte

Foreldre som ikkje er gifte, har foreldreansvaret saman for sams barn. Dersom foreldra ikkje bur saman, og mora ønskjer foreldreansvaret aleine, kan ho gje melding til folkeregistermyndigheita innan eitt år frå farskapen vart fastsett. Tilsvarande gjeld der faren ikkje ønskjer sams foreldreansvar. Når ein av foreldra har gjeve slik melding, får mora foreldreansvaret aleine.

For sambuande foreldre som flyttar frå kvarandre, gjeld reglane i § 34 andre leddet tilsvarande.

Endra med lover 13 juni 1997 nr. 39 (ikr. 1 jan 1998), 20 juni 2003 nr. 40 (ikr. 1 apr 2004 iflg. res. 20 juni 2003 nr. 728), 17 juni 2005 nr. 63 (ikr. 1 jan 2006 iflg. res. 17 juni 2005 nr. 612, etter Innst.O.nr.84 (2004–2005) med vedlegg gjeld føresegna i andre leden berre barn fødd etter 1 jan 2006), 29 juni 2007 nr. 53 (ikr. 1 jan 2008 iflg. res. 7 des 2007 nr. 1370), 31 mars 2017 nr. 13 (ikr. 1 jan 2020 iflg. res 13 sep 2019 nr. 1121 og gjeld born fødd etter 1 jan 2020).

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
lov/1981-04-08-7
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
4f68c3b300f258fd3845e232d23b61e3c03c84c0b1d336b6a4e613f18690ca99
Rendererversjon
8
I kraft
1982-01-01
Siste endring i kraft
2026-01-01