Barnet, kvar av foreldra og tredjemann som meiner han er far til eit barn som allereie har ein far, kan alltid reise sak for domstolane om farskap etter ekteskap eller erklæring. Er barnet mindreårig, vert saka reist av oppnemnd verje. Er barnet fylt 15 år, kan verja ikkje reise sak utan samtykke frå barnet. Når særlege grunnar taler for det, kan Arbeids- og velferdsdirektoratet reise saka.
Endra med lover 19 juni 1992 nr. 63, 13 juni 1997 nr. 39 (ikr. 1 jan 1998), 20 des 2002 nr. 92 (ikr. 1 apr 2003 iflg. res. 20 des 2002 nr. 1696), 16 juni 2006 nr. 20 (ikr. 1 juli 2006 iflg. res. 16 juni 2006 nr. 631), 26 mars 2010 nr. 9 (ikr. 1 juli 2013 iflg. res. 5 apr 2013 nr. 338) som endra med lov 5 apr 2013 nr. 12, 21 juni 2013 nr. 64 (ikr. 1 jan 2014, slik at fristane i andre og tredje stykket startar tidlegast å løpe når endringane tek til å gjelde iflg. res. 21 juni 2013 nr. 703), 17 juni 2016 nr. 27.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.