§ 88. Kva lova har å seie for barn som er født før lova tek til å gjelde.

Lova gjeld også barn som er født før lova tek til å gjelde. Frå dette er gjort fylgjande unntak:

  1. Farskap som fylgjer av eller er fastsett etter tidlegare lovgjeving, skal framleis leggjast til grunn til noko anna vert fastsett etter lova her.
  2. Avtale eller avgjerd om foreldreansvar, samværsrett eller fostringsplikt frå tida før lova tek til å gjelde, står framleis ved makt til den i tilfelle vert endra etter lova her. Samværsrett direkte etter § 42 andre stykket første punktum gjeld ikkje når foreldra har skilt lag før lova tek til å gjelde.

– – –

Endra med lov 20 juni 2003 nr. 40 (ikr. 1 apr 2004 iflg. res. 20 juni 2003 nr. 728), tidlegare § 70.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
lov/1981-04-08-7
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
4f68c3b300f258fd3845e232d23b61e3c03c84c0b1d336b6a4e613f18690ca99
Rendererversjon
8
I kraft
1982-01-01
Siste endring i kraft
2026-01-01