§ 12-7. Midlertidig avgjerd

Dersom ein av partane krev det, kan retten ta midlertidig avgjerd i foreldretvistar. Sak om midlertidig avgjerd om flytting med barnet ut av landet kan reisast av ein forelder med foreldreansvar og av ein forelder som samtidig reiser sak om foreldreansvar. Ei midlertidig avgjerd kan gjelde for ei viss tid eller til saka er endeleg avgjord. Retten kan ta midlertidig avgjerd før saka er reist, dersom særlege grunnar taler for det.

Etter krav frå ein part skal retten alltid ta midlertidig avgjerd, og så vidt mogleg innan seks veker, når det er fare for at barnet kan bli utsett for vald eller noko anna som det kan ta fysisk eller psykisk skade av. Det same gjeld der det er ein vesentleg reduksjon i samværet samanlikna med det som er avtalt, fastsett eller praktisert.

Dersom ein av partane krev det, kan retten i ei midlertidig avgjerd forby den andre parten å kome til huset der barnet bur, eller til nokon eigedom der barnet måtte vere. Dersom det ikkje trengst ei avgjerd straks, skal den parten som kan bli ilagd forbod, om mogleg få høve til å uttale seg for retten.

Når ei midlertidig avgjerd er teken før ei sak er reist, skal retten setje ein frist for å reise sak. Er det ikkje reist sak innan fristen, fell den midlertidige avgjerda bort.

Midlertidige avgjerder blir tekne i orskurd. Det er ikkje nødvendig med munnleg forhandling først.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
lov/2025-06-20-40
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
c6633bd68df426b1b77582bce954ae649a5f6c0a0321a41a758f7be400e19af3
Rendererversjon
8