Avtalar med tvangskraft og avgjerd om at barnet skal bu hos ein av foreldra, jf. § 7-1, kan tvangsfullførast med tvangsbot eller med henting av barnet.
Avtalar med tvangskraft og avgjerd om foreldreansvar, om at barnet skal bu hos begge foreldra, og om samvær kan tvangsfullførast med tvangsbot. Retten kan fastsetje ei ståande tvangsbot som for ei viss tid skal gjelde for kvar gong ein forelder ikkje oppfyller avtalen eller avgjerda. Retten skal avgjere kor lenge tvangsbota står.
For å leggje til rette for gjennomføring av avgjerda om fastsett samvær, kan retten gjere praktiske endringar i avgjerda når det er formålstenleg, til dømes endre tida for henting og levering av barnet.
Den som har fått medhald i retten i krav om tvangsfullføring ved tvangsbot, må be Innkrevjingsmyndigheita om å krevje inn bota. Bota går til statskassa. Bota skal ikkje krevjast inn for meir enn åtte veker om gongen. Lar den som har retten etter lova det gå lenger tid med inndrivinga, løper inga vidare bot før den bota som er forfallen til betaling, er betalt, eller det er teke utlegg for bota.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.