§ 3-1. Plikt til å gi fødselsmelding

Når eit barn er født, skal lege eller jordmor gi fødselsmelding til folkeregistermyndigheita. I meldinga skal det stå kven som er foreldra til barnet, eller kven mora har peika ut som far eller medmor til barnet.

Når barnet er født utan lege eller jordmor til stades, skal mora sjølv gi fødselsmelding til folkeregistermyndigheita innan ein månad. Føder ho barnet medan ho midlertidig held til i utlandet, skal ho gi melding til folkeregistermyndigheita innan åtte dagar etter at barnet er kome til Noreg.

Fødselsmelding skal òg bli gitt når barnet er dødfødt.

Fødselsmeldinga skal òg sendast til Arbeids- og velferdsetaten når farskap eller medmorskap enno ikkje er fastsett eller foreldra ikkje lever saman.

Departementet kan gi forskrift om melding av fødslar.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
lov/2025-06-20-40
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
c6633bd68df426b1b77582bce954ae649a5f6c0a0321a41a758f7be400e19af3
Rendererversjon
8