Barnet, kvar person som blir rekna som forelder til barnet, og kvar person som kan bli forelder til barnet, er part i saker etter dette kapittelet.
Dersom nokon som kan vere forelder til barnet, er død, skal dødsbuet eller arvingane til denne personen gjerast til part.
Kjem det fram opplysningar som tyder på at nokon som ikkje har vore part i saka, kan vere forelder, skal retten ved prosesskriv gjere denne personen til saksøkt.
Når stemning skal forkynnast etter domstolloven § 181, skal namnet på andre partar enn den som forkynninga gjeld for, ikkje gjerast kjent.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.