Berre dei som det er påstått er i slekt, kan reise slektskapssak seg imellom. Saka må reisast mot den eller dei som er påstått nærast i slekt.
For å ivareta offentlege interesser har Arbeids- og velferdsetaten rett til å møte i ei slektskapssak og til å anke eller krevje at saka blir teken opp att. Retten skal gi melding til Arbeids- og velferdsetaten om at ei sak er reist, og skal òg gi slik melding dersom nokon av partane ikkje møter.
Dersom nokon som påstår å vere lenger ute i slekt, har reist sak, har livsarvingane etter ein slektning som ikkje lenger er i live, rett til å tre inn i saka og til å anke eller krevje at saka blir teken opp att.
Døyr ein part før det er gitt dom, kan dei næraste slektningane av den avdøde i rett opp- eller nedstigande line halde fram med saka. Døyr ein part etter at det er gitt dom, kan dei som er nemnde i første punktum, dødsbuet eller arvingar som dommen rører ved interessene til, anke eller krevje at saka blir teken opp att.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.