Når foreldra har felles foreldreansvar, kan den eine ta med eller sende barnet på kortare utanlandsreiser utan samtykke frå den andre forelderen med foreldreansvar.
Etter krav frå ein forelder som ikkje har foreldreansvar, kan retten avgjere i orskurd at denne forelderen kan reise utanlands med barnet, når alt tyder på at barnet vil kome attende. Avgjerda kan gjelde ei enkelt reise eller allment, og kan også takast i ein foreldretvist for retten. Retten kan ta midlertidig avgjerd for tida fram til saka er endeleg avgjord.
Eit barn som har fylt 12 år, må samtykke til avgjerd om reise utanlands utan ein forelder som har foreldreansvar.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.