Foreldra kan inngå ein avtale om bidrag.
Dersom foreldra ikkje blir einige, kan kvar av dei krevje at Arbeids- og velferdsetaten fastset bidraget. Foreldra kan krevje at Arbeids- og velferdsetaten fastset barnebidraget sjølv om dei har inngått ein avtale om barnebidraget, men dei kan berre få fastsett eit nytt bidragsbeløp dersom reglane i lova vil medføre ei endring på meir enn 12 prosent. Departementet kan gi forskrift om gebyr der Arbeids- og velferdsetaten tek avgjerd om fastsetjing og endring av barnebidrag.
Dersom foreldra ikkje lever saman når barnet blir født, og dei ikkje har inngått ein avtale om barnebidrag, skal Arbeids- og velferdsetaten av eige tiltak fastsetje barnebidrag til barnet.
Sak om barnebidrag skal likevel avgjerast av domstolane
Når det gjeld barnebidrag etter § 9-3 andre og tredje ledd til barn som har fylt 18 år, er det barnet sjølv som inngår ein avtale eller er part i saka.
Får den bidragspliktige barnetillegg frå Forsvaret i samband med avtening av førstegongsteneste, eller har rett til anna yting frå det offentlege der barnetillegg er ein del av stønaden, kan Arbeids- og velferdsetaten av eige tiltak fastsetje barnebidrag til barnet for den tida slikt tillegg blir utbetalt.
Foreldra har plikt til å opplyse det organet som skal behandle fastsetjinga av bidrag, om kva arbeid, utdanning, inntekt og formue dei har, og elles om alt anna som kan ha noko å seie for fastsetjinga av bidraget. For å fastsetje bidrag og gebyr kan organet utan omsyn til teieplikta krevje dei opplysningane som trengst frå arbeidsgivarar, Skatteetaten, Arbeids- og velferdsetaten og forsikringsselskap, bankar og andre som forvarar eller forvaltar formueverdiar. For å fastsetje bidrag etter at barnet har fylt 18 år, kan organet utan omsyn til teieplikta krevje opplysningar frå utdanningsinstitusjonar om skulegangen er i gang, held fram eller er avslutta, og om fagleg progresjon.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.