§ 10

Har ikkje eigaren eller innehavaren meldt seg innan 2 veker etter at melding om innsetjinga er komen fram til han eller etter at denne er kunngjord i samsvar med føresegnene i § 8, kan innsetjaren krevja at dyret vert seld gjennom namsmyndighetene etter reglane i tvangsfullbyrdelseslova så langt dei høver. Føresegnene i tvangsfullbyrdelseslova § 8-16 fyrste leden gjeld ikkje i dette høvet.

Føresegnene i fyrste leden gjeld på tilsvarande måte, i fall den summen innsetjaren har krav på etter føresegnene i § 9, andre leden, ikkje vert utreidd innan 3 dagar etter at partane har vorte samde om summen eller, når summen er fastsett med skjøn, innan 3 dagar etter at skjønet er endeleg.

Av salssummen skal innsetjaren få det han har krav på etter § 9. Gjev salet meir enn summen av kravet til innsetjaren, pålagt skjønskostnad og salskostnaden, kjem resten inn under reglane om innkome frå sal av hittegods.

Føresegnene i denne paragraf gjeld på tilsvarande måte når nokon finn bortkomne husdyr.

For dyr som går på beite der det er gjeve føresegner om sams sanking, skal det berre reidas ut finnarløn for dei som vert funne etter sams sanking er avslutta.

Omframt krav på kostnaden, har finnaren rett til finnarløn etter reglane i § 9 i lova om hittegods.

Endra med lover 15 des 1967 nr. 2, 26 juni 1992 nr. 86, 25 juni 2004 nr. 53 (ikr. 1 jan 2006 iflg. res. 19 aug 2005 nr. 901).

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
lov/1961-06-16-12
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
d0657fdac9756878b512ccba61d44496d1ad9c7f5910e0979d2b082ab1faa888
Rendererversjon
8
I kraft
1962-01-01
Siste endring i kraft
2022-07-01