I skogsmark der det er mykje om å gjera at det vert slutt med beite heilt eller for ein del, skal kommunen – i tilfelle i samarbeid med grannekommunane – freista å legge tilhøva slik til rette at området kan verta freda for beiting i den mon dette er turvande. I samband med dette skal kommunen freista å få i stand avtaler mellom grunneigarane og dei som har beiterett om å føre over beiterettane til ein eller fleire inngjerda område eller til å fråfalle beiterettar mot å avtala skadebot når tilhøva ligg til rettes for det.
Endra med lover 13 juni 1980 nr. 41, 11 juni 1993 nr. 96.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.