§ 14

Når kommunen gjer framlegg om det og statsforvaltaren har hatt høve til å seia si meining, kan departementet setja forbod mot beiting med alle slags dyr heile året. Forbodet kan gjelda for heile kommunen, eller for ein lut av han, men aldri for bygde- eller statsålmenningar.

Den som har beiterett og som vert råka av forbodet i denne paragrafen, kan krevja retten sin avløyst av jordskifteretten. Til avløysing skal det leggjast ut kulturbeite eller annan mark som er skikka til beite eller til opparbeiding av kulturbeite. Der fleire har beiterett, bør rettane avløysast ved oppretting av fellesseter eller andre sams beitetiltak. Vert vederlaget ikkje heilt dekt ved avståing av grunn eller annen beiterett, skal resten ytast i pengar til istandsetting av beite eller turvande anlegg.

Når vilkåra for avløysing ikkje ligg føre eller dersom eigaren av den eigedom beiteretten kviler på, ikkje godtar å svara det vederlaget som er fastsett etter andre leden, kan forbod etter denne paragrafen ikkje gjerast gjeldande mot den som har beiterett. I sambeitestrok kan forbod som nemnt ikkje gjerast gjeldande mot nokon som har beiterett, minder vilkåra for avløysing ligg føre for alle dei som har beiterett.

Forbodet tek til å gjelda 1 år etter det er kunngjort. Departementet fastset kunngjeringsmåten. Mot den som har beiterett og som krev avløysing innan årsfresten, tek ikkje forbodet til å gjelda før det ligg føre endeleg avgjerd i avløysingssaka.

Den som ikkje har kravt avløysing før forbodet tek til å gjelda, kan ikkje krevja skadebot for tap som han har lide for skuld forbodet, eller i tilfelle lid til dess avløysingssaka er avgjord.

Endra med lover 15 des 1967 nr. 2, 13 juni 1980 nr. 41, 11 juni 1993 nr. 96, 21 juni 2013 nr. 100 (ikr. 1 jan 2016 iflg. res. 21 juni 2013 nr. 736), 7 mai 2021 nr. 34 (ikr. 1 juni 2021 iflg. res. 7 mai 2021 nr. 1416).

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
lov/1961-06-16-12
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
d0657fdac9756878b512ccba61d44496d1ad9c7f5910e0979d2b082ab1faa888
Rendererversjon
8
I kraft
1962-01-01
Siste endring i kraft
2022-07-01