§ 12. (attsøkjingsrett for trygdaren)

Den summen som ein trygdar lyt reide ut for ei trygda motorvogn etter lova her, kan han krevje att hjå den som eig eller bruker vogna eller var med i henne og som

  1. gjorde skaden med vilje eller i grov aktløyse, eller
  2. hadde teke rådvelde over vogna med brotsverk eller medverka til at vogna vart brukt endå han visste at ho var fråvend rette innehavaren med brotsverk, eller
  3. sjølv hadde valda at han var påverka av alkohol eller andre rusande eller døyvande råder medan han køyrde vogna og gjorde skade, eller medverka til at vogna vart brukt endå han visste eller måtte vita at vognføraren var påverka. Dette kravet fell bort i den mon ein må leggja til grunn at skaden ville ha skjedd jamvel om vognføraren ikkje hadde vore påverka som nemnd. Regelen i § 7 fjerde leden bokstav b tredje punktumet gjeld tilsvarande.

Ingen kan trygde seg mot attsøkjingskrav etter paragrafen her. Avtale om det gjeld ikkje.

Ein trygdar kan ikkje seia frå seg attsøkjingsrett som han har etter paragrafen her. Atterhald om slik attsøkjingsrett i større omfang enn det er sagt her i lova, gjeld ikkje utan det er samhøveleg med reglane i trygdeavtalelova.[^1] Atterhald om slik attsøkjingsrett av de ein ansvarleg har gjort skaden i aktløyse, gjeld berre i dei tilfelle aktløysa er grov. Retten kan minka attsøkjingskravet etter regelen om lemping i lov 13 juni 1969 nr. 26 om skadeserstatning § 5-2.

Endra med lover 21 juni 1985 nr. 81, 27 nov 1992 nr. 113 (ikr. 1 jan 1994), 22 sep 2000 nr. 79 (ikr. 1 jan 2001 iflg. res. 22 sep 2000 nr. 959), 15 juni 2001 nr. 61 (ikr. 16 juni 2001 iflg. res. 15 juni 2001 nr. 691).

1 Inkurie: Skal vel være forsikringsavtaleloven.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
lov/1961-02-03
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
f128f8ed06889ceda50a10dc8ea7f2b369a728457e95dac2b46998900b3f0b80
Rendererversjon
8
I kraft
1961-06-01
Siste endring i kraft
2022-07-01