§ 19. (når ein trygdeavtale held opp å gjelda og ymist anna; samhøve med trygdeavtalelova[^1]).

Om ein trygdeavtale held opp å gjelda, skal Trafikkforsikringsforeningen gi melding til motorvognregisteret om dette. Kjennemerke kan utan vidare varsel dragast inn etter nærare føresegner gitt av departementet. I føresegnene kan departementet og fastsetja at kjennemerke som er dregne inn, ikkje skal leverast ut att før det er betalt ei særleg avgift.

Trygdaren skal i betalingsvarsel eller oppseiing til trygdetingaren gjera han kjend med kva fylgje det kan få etter første leden i paragrafen her eller etter § 20 første leden bokstav a og b om han ikkje betalar eller leverar inn kjennemerke og vognkort av eige tiltak.

Trygdaren er ansvarleg for alle fylgjer av ei skadehending som ber til i trygdetida, såleis og for dei som kjem til syne etter at trygdetida er ute.

Reglane i forsikringsavtalelova gjeld for trafikktrygding etter denne lova, så framt ikkje anna er sagt her i lova, eller går fram av samanhengen. Mellom trygdar og trygdetingar skal ei trafikktrygding haldast for ansvarstrygding endå om trygdetingaren sjølv ikkje er ansvarleg. Reglane om foraldring i forsikringsavtalelova § 8-5 og § 8-6 første, andre og fjerde leden gjeld ikkje om skadebot eller attsøkjingskrav etter denne lova.

Endra med lover 25 mai 1973 nr. 26, 17 des 1976 nr. 100, 16 juni 1989 nr. 69, 26 juni 1998 nr. 46 (ikr. 1 okt 1998 iflg. res. 26 juni 1998 nr. 600), 19 des 2017 nr. 117 (ikr. 1 jan 2018), 18 feb 2022 nr. 5 (i kraft 1 juli 2022 iflg. res. 4 mars 2022 nr. 324).

1 Inkurie: Skal vel være forsikringsavtaleloven.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
lov/1961-02-03
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
f128f8ed06889ceda50a10dc8ea7f2b369a728457e95dac2b46998900b3f0b80
Rendererversjon
8
I kraft
1961-06-01
Siste endring i kraft
2022-07-01