Lov om handelsverksemd med brukte og kasserte ting (brukthandellova)

§ 1. Verkeområde, formål m.v.

Denne lova gjeld handelsverksemd med brukte og kasserte

  1. varer av edelt metall,
  2. edelsteinar og perler,
  3. kulturgjenstandar,
  4. kunstverk, samleobjekt og antikvitetar,
  5. motorvogner og tilhengjarar til motorvogner.

Departementet fastset nærare forskrifter om kva for varer og gjenstandar som skal reknast for omfatta av verkeområdet etter punkt 1 til 5.

Som handelsverksemd vert rekna handel med varer i næring for eiga eller framand rekning og i eige eller i framand namn. Opptak av bestilling av varer i næring for seinare levering vert òg rekna som handelsverksemd.

Handelsverksemd skal drivast i samsvar med god forretningsskikk.

Formålet med lova er å førebyggje omsetning av stolne eller ulovleg mottekne gjenstandar og å lette politiets arbeid med å oppspore slike gjenstandar.

Kongen gir forskrift om bruken av lova på Svalbard og kan fastsetje særlege reglar med omsyn til dei stadlege tilhøva.

Endra ved lov 14. juni 2024 nr. 38 (i kraft 1 juli 2024 iflg. res. 14 juni 2024 nr. 957).

§ 2. Krav om løyve frå politiet

Handelsverksemd med og oppkjøp med sikte på sal av brukte og kasserte varer og gjenstandar som nemnt i § 1 første ledd krev løyve frå politiet. Ein må ha løyve alle stader der verksemda vert driven, både på innkjøpsstad og salsstad.

Løyve som nemnt i første ledd kan bli nekta og kan trekkjast attende dersom måten verksemda vert driven på, eller andre forhold, gir grunn til å frykte misbruk. Slike vedtak kan klagast inn for departementet etter reglane i forvaltningslova §§ 28-34.

Endra ved lov 14. juni 2024 nr. 38 (i kraft 1 juli 2024 iflg. res. 14 juni 2024 nr. 957).

§ 3. Unnatak frå politiløyve

Føresegnene i § 2 gjeld ikkje for auksjonsverksemd som vert driven av advokatar.

Endra med lov 25 juni 2004 nr. 53 (ikr. 1 jan 2006 iflg. res. 19 aug 2005 nr. 901).

§ 4. Forskriftsheimel

Departementet kan gi forskrifter om verksemd som nemnt i § 2, og verksemd som nemnt i § 3.

Departementet kan òg gi forskrifter om meldeplikt til politiet og om føring av protokoll osv., for foretak som skaffar seg brukte og kasserte ting til bruk i eiga bedrift.

§ 5. Straff

Den som forsettleg eller aktlaust bryt føresegner gitt i eller i medhald av denne lova, vert straffa med bøter eller under skjerpande forhold med fengsel i inntil tre månader.

Endra med lov 19 juni 2015 nr. 65 (ikr. 1 okt 2015).

§ 6. Ikraftsetjings- og overgangsreglar

Lova gjeld frå den tid[^1] Kongen fastset. Frå same tidspunkt vert lov av 6. juni 1980 nr. 21 om handelsvirksomhet oppheva.

Løyve frå politiet gitt med heimel i lov av 6. juni 1980 nr. 21 om handelsvirksomhet gjeld òg etter ikraftsetjinga av lova her.

1 Frå 1 jan 2000 iflg. res. 22 des 1999 nr. 1373.

§ 7. Endringar i andre lover

Frå den tid lova trer i kraft vert det gjort følgjande endringar i andre lover: – – –

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
lov/1999-12-22-105
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
3402df44f2eac51d0e8111200ba67cdd0b86b1626b825b7d551dc6b147c98ae1
Rendererversjon
8
I kraft
2000-01-01
Siste endring i kraft
2024-07-01