§ 10-7. Plan for delinga og godkjenning av planen

(1) Styret skal utarbeide ein plan som minst viser

  1. framlegg til vedtektsendringar i det overdragande laget,
  2. vedtekter, opningsbalanse og byggje- og finansieringsplan for det nye laget, jf. §§ 2-2 og 2-5,
  3. tidspunktet for samanslåinga,
  4. fordelinga av eignedelar, rettar og skyldnader mellom dei laga som er med i delinga, og
  5. eventuelt vederlag til andelseigarar.

(2) Siste årsrekneskap, årsmelding og revisjonsmelding skal leggjast ved planen.

(3) Planen skal godkjennast av generalforsamlinga med tilslutning frå minst to tredjedelar av alle dei som skal bli andelseigarar i det nye laget, og minst to tredjedelar av alle andelseigarane som skal vere igjen i det overdragande laget.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
lov/2003-06-06-39
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
540e62dfe2215084b7c06cda05160dfe24ec38e8e081810f82864359e0533069
Rendererversjon
8
I kraft
2004-01-01
Siste endring i kraft
2026-01-01