§ 10-15. Behandling av saker om oppløysing etter § 10-14

(1) Når vilkåra i § 10-14 første ledd nr. 1 til 3 er oppfylte, skal Føretaksregisteret sende laget varsel om det. I tilfelle som nemnde i § 10-14 første ledd nr. 4 skal Rekneskapsregisteret sende varselet. Laget skal få ein frist på ein månad til å rette tilhøvet og melding om følgjene av at fristen ikkje blir halden.

(2) Har laget ikkje retta tilhøvet når fristen går ut, skal Føretaksregisteret eller Rekneskapsregisteret ta opp igjen varselet ved kunngjering i Brønnøysundregistra sin elektroniske kunngjeringspublikasjon. I kunngjeringa skal det opplysast at vilkåra for oppløysing av laget er oppfylte, og at laget har ein frist på fire veker frå kunngjeringa til å rette tilhøvet. Følgjene av at fristen ikkje blir halden, skal også opplysast.

(3) Dersom det er tenleg, kan tingretten gi varsel etter føresegna her.

Endra med lover 5 sep 2003 nr. 92 (ikr. 1 jan 2004 iflg. res. 5 sep 2003 nr. 1119), 24 juni 2011 nr. 33 (ikr. 1 juli 2011 iflg. res. 24 juni 2011 nr. 647), 14 juni 2013 nr. 41 (ikr. 1 juli 2013 iflg. res. 14 juni 2013 nr. 638).

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
lov/2003-06-06-38
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
9bd5436b14359f170dbd937b2c931905e9f125d31bb80b6a1ad278fd252fed6c
Rendererversjon
8
I kraft
2005-08-15
Siste endring i kraft
2024-11-01