§ 10. Rett til å krevje for mykje utbetalt bustøtte tilbake
Husbanken kan krevje bustøtta tilbake dersom
mottakaren visste eller burde ha visst at han eller ho ikkje har hatt krav på støtte,
mottakaren eller nokon som har handla på vegner av mottakaren, aktlaust har gjeve galne eller mangelfulle opplysningar,
Husbanken eller kommunen har gjort eit mistak og mottakaren burde ha skjøna det, eller
husstanden i perioden det er motteke bustøtte for, har hatt inntekt eller formue som i ettertid syner seg å overskride den inntekta eller formuen som var lagd til grunn då støtta blei fastsett. Det gjeld utan omsyn til kven som er skuld i at det er betalt ut for mykje. For mykje utbetalt støtte kan også motreknast i seinare utbetalingar av bustøtte.
Departementet kan i forskrift gje reglar om tilbakebetaling av bustøtte.
Endra ved lov 28 apr 2017 nr. 21 (ikr. 1 juni 2017 iflg. res. 28 apr 2017 nr. 504).
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.