Direktoratet for fiendegods kan ta dei rådgjerder som det held turvande til å tryggja, halda ved like eller utnytta fiendegods som det har til styring, eller som den ophavelege eigaren, innehavaren eller annan styrer sjølv med samtykke og under kontroll av direktoratet. Dersom det er tenleg kan godset seljast og vederlaget takast under styring på vanleg måte. Næringsverksemd som høyrer fienden til, kan takast under styring av ein styrar som direktoratet nemner opp. Styraren skal etter nærare tilvisingar og under kontroll av direktoratet ta dei rådgjerder som føremålet krev.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.