§ 11

For kvart fjellstyre skal det vere ei fjellkasse. Når ikkje anna er fastsett, skal inntekter som følgjer av lova her gå inn i fjellkassa, medan utgiftene som fjellstyret skal svare vert utgreia av denne.

Fjellstyret skal kvart år leggje fram rekneskap gjennom skogforvaltaren i distriktet til departementet. Kopi av rekneskapet skal sendast kommunestyret. Kongen fastset nærare reglar om rekneskapsføringa og om revisjonen.

Fjellstyret avgjer ved vedtak korleis overskot i fjellkassa skal nyttast. Er overskotet større enn det som trengst til tiltak innan allmenningen, kan det av det overskytande løyvast midlar til føremål som tek sikte på å styrkje næringsgrunnlaget i dei bygdene som har rett til allmenningsbruk. Med samtykke frå departementet kan det òg løyvast midlar til allmennyttige føremål i desse bygdene.

Endra med lov 19 des 1980 nr. 66.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
lov/1975-06-06-31
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
ce8e5fd5ef24174df64e62d3042ca46ba0ee96e07066acd852edaef352988a92
Rendererversjon
8
I kraft
1976-01-01
Siste endring i kraft
2023-06-09