§ 21

Seter i statsallmenning kan overførast til bruk for jordbrukar(ar) som ikkje har beiterett i allmenningen, når ingen av beiterettshavarane ønskjer å overta setra og fjellstyret samtykkjer. Det same gjeld utvist tilleggsjord, når både departementet og fjellstyret samtykkjer.

Vidare kan fjellstyret utvise seter til jordbrukar(ar) som ikkje har beiterett i allmenningen, når det er høveleg unytta beiteområde som ingen av beiterettshavarane er interesserte i å nytte.

Jord som er skikka til dyrking eller til kulturbeite, og som ingen av beiterettshavarane søkjer om å få utvist, kan departementet med samtykkje frå fjellstyret leige bort til jordbrukar(ar) som ikkje har beiterett i allmenningen. Leigeinntektene tilfell fjellkassa.

Den nye bruken etter andre og tredje stykket i paragrafen må ikkje vere til vesentleg skade for bruksrettshavarane si utnytting av allmenningen eller for skogen. Tvist om dette vert avgjort ved skjøn. Dei nærare vilkår – herunder vederlag for bruken – vert fastsette ved avtale.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
lov/1975-06-06-31
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
ce8e5fd5ef24174df64e62d3042ca46ba0ee96e07066acd852edaef352988a92
Rendererversjon
8
I kraft
1976-01-01
Siste endring i kraft
2023-06-09