§ 27

Fjellstyret kan gjere vedtak om at statsallmenning eller del av statsallmenning skal vere med i eit større jaktområde, når dette er føremålstenleg av omsyn til den jaktmessige utnyttinga av allmenningen.

Under same vilkår kan fjellstyret gjere vedtak om bortleige av småviltjakta i allmenningen eller deler av denne til ein organisasjon som har fremje av jakt og viltstell som føremål.

Før det vert gjort vedtak som nemnt i første og andre stykket, skal kommunen gje fråsegn. Vedtaket må stadfestast av departementet. Avtale om skiping av sams jaktområde eller om bortleige må ikkje føre til at dei som er nemnt i § 23 første stykket vert stelt vesentleg dårlegare enn før med omsyn til å kunne oppnå høve til jakt.

Endra med lov 3 juli 1992 nr. 95.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
lov/1975-06-06-31
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
ce8e5fd5ef24174df64e62d3042ca46ba0ee96e07066acd852edaef352988a92
Rendererversjon
8
I kraft
1976-01-01
Siste endring i kraft
2023-06-09