§ 16

Ved skade og ulempe skal erstatningen eller vederlaget som hovudregel setjast til ein sum pengar ein gong for alltid (ein eingongssum).

Ved personskade gjeld skadeerstatningslova § 3-9 om terminvise ytingar. For annan skade, ulempe eller tap kan retten fastsetja at erstatningen eller vederlaget heilt eller delvis skal svarast i terminvise ytingar dersom:

  1. det er uvisst kor lenge tidsavgrensa verksemd vil føre til skade, ulempe eller tap, eller
  2. det er grunn til å rekna med at skaden, ulempa eller tapet innan rimeleg tid vil verta vesentleg redusert.

Retten kan og fastsetja terminvise erstatningar eller vederlag som skal gjelda inntil vidare dersom det er uvisst kva for omfang skaden, ulempa eller tapet vil få, og retten difor gjer vedtak om å venta ei bestemt tid med å fastsetja den endelege erstatningen. Kvar av partane kan likevel krevja at retten med ein gong målar ut erstatning eller vederlag for det tap som let seg gjera å fastslå med det same.

Retten fastset korleis terminvise beløp skal reknast og kor lenge ytingane skal betalast. Kvar av partane kan krevja at terminvis erstatning eller vederlag etter andre stykket i bokstav (a) og (b) skal prøvast på nytt når det er gått minst 5 år sidan siste fastsetjing. Retten kan fastsetja at det skal stillast sikkerhet for terminvis erstatning eller vederlag og kva slag trygd som er naudsynt.

Eigedomen eller tiltaket som det gjeld etter andre stykket bokstav (a) og (b) er dertil pant for erstatningen eller vederlaget. Når avgjerda er endeleg, skal leiaren av retten tinglysa opplysning om erstatningsskyldnaden eller vederlagsskyldnaden og panteretten. Eigaren ber tinglysingskostnaden.

Endra med lover 16 juni 1989 nr. 67, 17 juni 2005 nr. 90 (ikr. 1 jan 2008 iflg. res. 26 jan 2007 nr. 88) som endra med lov 26 jan 2007 nr. 3.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
lov/1961-06-16-15
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
4078eee5de8713f37686712b8703d2c0f1e3ee8a003d79f306e0a8d29142ab7b
Rendererversjon
8
I kraft
1962-01-01
Siste endring i kraft
2016-04-22