§ 112

Alle har rett til eit helsesamt miljø og ein natur der produksjonsevna og mangfaldet blir haldne ved lag. Naturressursane skal disponerast ut frå ein langsiktig og allsidig synsmåte som tryggjer denne retten òg for kommande slekter.

Borgarane har rett til kunnskap om korleis det står til med naturmiljøet, og om verknadene av planlagde og iverksette inngrep i naturen, slik at dei kan tryggje den retten dei har etter førre leddet.

Dei statlege styresmaktene skal setje i verk tiltak som gjennomfører desse grunnsetningane.

Føyd til med grunnlovsvedtak 25 mai 1992 kunngjort med res. 19 juni 1992 nr. 463, endra med grunnlovsvedtak 6 mai 2014 kunngjort med res. 9 mai 2014 nr. 613, 13 mai 2014 kunngjort med res. 14 mai 2014 nr. 628 (tidlegare § 110b), vedtak 27 mai 2014 kunngjort med res. 20 juni 2014 nr. 778.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
lov/1814-05-17
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
9ff6b5a30c9cd1805689550a63412e760ba6723ef021f489fb8ae366ad93581f
Rendererversjon
8
Siste endring i kraft
2024-05-21