§ 115

For å sikre internasjonal fred og tryggleik eller fremje internasjonal rettsorden og samarbeid kan Stortinget med tre fjerdedels fleirtal gje samtykke til at ein internasjonal samskipnad som Noreg er tilslutta eller sluttar seg til, på eit sakleg avgrensa område får råderett som elles ligg hjå dei statlege styresmaktene etter denne grunnlova, men likevel ikkje rett til å endre denne grunnlova. Når Stortinget skal gje sitt samtykke, skal minst to tredjedelar av medlemmene vere til stades, som ved behandling av grunnlovsframlegg.

Føresegnene i denne paragrafen gjeld ikkje ved deltaking i ein internasjonal samskipnad der avgjerdene berre har reint folkerettsleg verknad for Noreg.

Oppheva med vedtak 18 nov 1905, føyd til att med grunnlovsvedtak 8 mars 1962 kunngjort 23 mars 1962, endra med grunnlovsvedtak 2 feb 2006 kunngjort med res. 3 mars 2006 nr. 270, 6 mai 2014 kunngjort med res. 9 mai 2014 nr. 613, 13 mai 2014 kunngjort med res. 14 mai 2014 nr. 628 (tidlegare § 93), vedtak 27 mai 2014 kunngjort med res. 20 juni 2014 nr. 778, 8 mai 2018 kunngjort med res. 1 juni 2018 nr. 788.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
lov/1814-05-17
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
9ff6b5a30c9cd1805689550a63412e760ba6723ef021f489fb8ae366ad93581f
Rendererversjon
8
Siste endring i kraft
2024-05-21