§ 59

I kvart valdistrikt skal éin representant få tildelt utjamningsmandat på grunnlag av røystetalet i heile riket. Dei andre representantane i valdistriktet får tildelt direktemandat på grunnlag av røystetalet i valdistriktet.

Dei direktevalde representantane blir valde frå kvart valdistrikt med høvestalsval etter Sainte-Laguë-metoden med 1,4 som det fyrste delingstalet. Det fyrste mandatet går til det partiet som får den største kvotienten, det neste mandatet går til det partiet som får den nest største kvotienten, og så bortetter til alle mandata er utdelte.

Utjamningsmandata blir delte mellom dei registrerte politiske partia som har stilt liste i alle valdistrikta og har fått minst fire prosent av dei godkjende røystene i heile riket.

Utjamningsmandata blir delte mellom partia på grunnlag av røystetala for heile riket. Røyster og mandat til lister som ikkje stettar krava i tredje leddet, blir haldne utanfor. Det blir gjort ei utrekning etter Sainte-Laguë-metoden med 1,4 som det fyrste delingstalet. Utjamningsmandata går til dei partia som har fått færre direktevalde mandat enn det som følgjer av denne utrekninga.

Nærare føresegner om kva valdistrikt partia skal få utjamningsmandata i, blir fastsette i lov.

Listesamband er ulovleg.

Endra med grunnlovsvedtak ved lov 8 feb 1816, grunnlovsvedtak 9 mai 1842, 25 mai 1905, 12 apr 1907, 3 juli 1913 kunngjort 13 juli 1917, 26 nov 1919 kunngjort 5 des 1919, 9 nov 1923 kunngjort 23 nov 1923, 30 mai 1972 kunngjort 16 juni 1972, 10 mai 1988 kunngjort med res. 10 juni 1988 nr. 455, 26 mai 2003 kunngjort med res. 27 juni 2003 nr. 769, 6 mai 2014 kunngjort med res. 9 mai 2014 nr. 613, 1 juni 2022 kunngjort med res. 22 juni 2022 nr. 1133.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
lov/1814-05-17
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
9ff6b5a30c9cd1805689550a63412e760ba6723ef021f489fb8ae366ad93581f
Rendererversjon
8
Siste endring i kraft
2024-05-21